TOKTBLOGG TORGDAG BERGEN

og eit FAIRYTALE BRYLLUP

9. juni- 12.juni 2016

 
Raudeberg - Bergen
 

Egentlig ei særs begivenhetsrike ferd som NYBAKK la ut på rett etter kl. 8 på torsdag den 9. Båten var vel beslått med mannskap. Om lag kl. 13.07 passerte ein gjennom Nekkøy-osen ved Florø. Då hadde ein hatt god bør og gjekk med ca. 9 knop i snitt på veg mot Bergen. Snart midtveges i fylket vårt, auka det litt på med nordavind og kvite båra følgde båten, mens vimplane sto rett fram i den solid friske brisen. Bortsett frå det vanlege av småskader som alltid dukker opp det første døgnet når båten er i sjø, så gjekk turen greitt. Skadene vart reparert med litt sying, men det var ikkje snakk om noko rapportert sjukefråvær dagen etter, så statistikken var ikkje heilt umulig å lese heller.


Fredag rista ein av seg restar av støv, rust og malingsflekkar. Endeleg har sesongen starta og båten er bare kjempevakker. Midt på dagen var direksjonen opptatt med litt møtevirksomhet med eit par museum i Bergen. Om bord vart ein etterkvart meir og meir fokusert mot jobben som skulle gjerast i løpet av helga. Ein liten prøvestubb med bacalao vart gjort klar ut på dagen. Den gjekk no greitt unna, men det vart med den eine.

Temperatur og vær-utsikter kunne tyde på at det ville bli ei bra helg dette. Ut på kveldinga vart det etterkvart fullt mannskap på plass. No vart det meir tyngde i forberedelsane framme på dekk. Litt rekvisita og montering av utstyr gjenstod, men det var liksom ikkje det heilt store av stress. D.v.s. arbeidet med potetskrelling og kapping av fisken, samt forberedande behandling av olivenolje, tek alltid tid. Fram mot midnatt vart ein også klar med dette. Og då var det bare å hive seg i køya. I morgen vente resten, kø-ordning i dusjen og mykje jobb utover dagen.


Laurdag kom greitt igong den. Detaljer rundt å få på plass høgtaler-ledninge vart løyst heilt smertefritt med ein kjapp tur om Clas Ohlson. Rett over halv-11 var dermed alt AV-utstyr kobla og sett i drift. DVD-plater kom på plass og alt fungerte.

No var det ei fortetta stemning om bord må seie. Mannskap jobba med å klargjere til salg av mat, bryllupsfolket var i full gang med sine forberedelsar til eit meg. Og salget tok seg litt etter litt opp. Sidan vi ikkje har sagt så mykje om det, båten ligg altså ved utstikkaren ved Zacchen. Nokre få meter inn på kaia, står statua av ShetlandsLarsen. Ute på kaia er vi rigga til med ei stor flott tønne frå Hagevikja og her står det nokre karar og sel sild for oss. Tørrsild går det jevnt unna med og eg må veldig objektiv forklare det at årets sild er spesielt god. Seinare besøksstader må derfor vere om seg. Ein avhendlelig hundrings som går rett inn i fartøyvern heime på Raudeberg. Smaks-prøvene går jevnt unna og dei fleste av dei resulterer i salg av pakkevis med sild. Veldig godt jobba guta.


Inn under shelter skjer det meste av salget av bacalao og rømegraut. Alt dette vert produsert bak i byssa. Varmen er ganske intens når ein stikk nasen inn for casinga. Det hjelper litt med ei stor vifte for å få sirkulasjon på lufta. At det er ei påkjenning å jobbe her er det ingen tvil om. Å få laga til servering av det beste av bacalao og rømegraut, så krev det nitidig arbeid og flid i det som blir gjort. Då vil folk komme tilbake for å få kjøpe meir ein annan gong. Det er også mange som nytter høvet til å sjå seg rundt om bord. Dei fleste er forbausa over størrelse og soliditet i skroget. Andre nyt maten til eit glimt på ein av filmane frå tidlegare tokt, som blir vist på TV framme på dekk. Og været tillet også at vi kan servere mat på øverste dekk denne dagen. Mange nytte høvet til ein matbit, mens ein kan følgje med det yrande folkelivet som er på Torget og utover Bryggen på ein slik dag.


Så plutselig mørknar det for sola. Veldig lokalt, men med ekkel prosesjon kjem der ei stor regnsky og plasserer heile Vågen i skugge. Regnet kjem forsiktig først, men intensiteten er bare veksande. Det blir tilslutt skikkelig dusk-regn så vasspruten står. Alle tenkjer på vigselen på dekk. Heldigvis går det heile fort over. Asfalten tørker opp lenge før vigselen skal starte, heldigvis.


Det begynte å verkeleg stunde til. Brura har vore og fått den siste oppshining , og det blir tettare mellom kvar dress- og kjolekledde person om bord. At det absolutt er ein stor dag om bord i NYBAKK blir absolutt understreka då ei kjempeflott 3 etasjers bryllupskake blir bringa til drageluka vår med politi-eskorte. Under dekk er egnehuset no gjort om til ståande bufeet. Kaker og nennsom fingermat er på plass.

På dekk oppe er heile brudefølgjet samla, med spelemann og vigselmann. Til babord for NYBAKK ligg ei skøyte som har svømt i bruredrammer omtrent heile laurdagen. Dei blir plutselig var det som skjer på dekk med oss, og solljen forsvinn heilt..

Det blir ein høgtideleg seremoni framme på dekk. Sjølv om det er ein humanetisk seremoni so er det umulig å ikkje legge merke til kommentaren til Terje. «NYBAKK er jo katedral i dag « Og utstikkaren er full av folk som følgjer interessert med. Det heile er eventyrleg flott og gripande. Etter ring-seremoni, sussing og tilslutt nødvendige underskrifter vart Ann-Kristin og Tore tilslutt som ektefolk og rekne. Lykke til.


 

Så vart dagen på hell her med oss også. Bryllupsfesten flytta seg litt over rekka og ut i alle fasilitetane som Bergen kan tilby ei lys og etterkvart varm forsommar-natt. Om bord starta ein på panne-skrubben, mens andre såg på fotball-EM. Det er uansett tid for å planlegge oppbrudd tidleg søndag. Der er nokre mil heimatt og fare. Denne gongen er det jo ei skikkelig brudeferd som skal avsluttast.


NYBAKK heiv laust rett over kl. 08 søndagen. I hopen var det starta rigging til stunt show på ettermiddag. Båten lurte seg ut om Skolten og kursa for Langenuen. Turen nordover gjekk i Hardbakke-sundet. Krakhelle sundet er ikkje noko for nygifte . Så var det bare å nyte turen heim. Det var ikkje så vanskelig i det været.