BLOGG FOR TREBAATFESTIVALEN i Ulsteinvik 2016

 

FREDAG 19. august

Absolutt klar i starten på grisotta i dag. Det var så vidt skytelys då eg la i veg kortaste sjøvegen ned på NYBAKK i frå Støylen.

Gamle, gode Åse-vegen har ført sjøfarande på Raudeberg ned til sjøs gjennom lange tider. I dag var det bare eg som tok denne tidlige turen. Med sekk på ryggen, lasta med kamera-utstyr og nyrøykt laks, var det ein ganske forventningsfull spasertur ned gjennom kjæraste heimstaden.


Vi hadde vore om bord i førkvelds med forskjellig uti videoar som det var bruk for. Eit lukka lag var bestillt av Kaptein Martin Linge Loge og kokken hadde rulla på plass Bacalao og gode historier. Etter kvart som kvelden seig på kom helgas mannskap lurande over landgangen. Folk frå fjern og nær, men som hadde eit syn på netthinna der dei kom; Trebaatfestivalen i Ulsteinvik.


Allereie då eg passerte tuftene etter lada til Kolltveitane, høyrde eg aukande lydnivå frå NYBAKK nede i vikja. Lysmotoren var allereie i gong, ad omveger har eg fått vite no seinare at denne var starta kl. 05, men den kviskrande tomgangslyden frå han Calle var endå ikkje råd å høyre. Derimot meir hardare lydar tyda på at arbeidet med å ta inn den nye landgangen var godt i gong.

Då eg passerte Berg-huset, bar endelig lyden frå Calle gjennom det tussmørke mårgå-lyset. Jaudå, Chiefen var godt forberedt og hadde nok alt opparbeidd rett arbeidstemperatur til 320 omdreiningar så snart vi slepte springen.


Eg runda hjørnet til Magnus Berg tett før kl. 05.30 og konstaterte at vi såg 100% sjøklare ut. Hjelpsomme hender og smilande auge tok vel imot sekk og mann, handhelsing og greier, og NYBAKK og mannskap var klar til ein krevjande tur rundt Stad.


Per Årvik skipre denne helga for oss. Det har han gjort før for oss og. Og han gjer det vel. At han og er eit lunt vesen, og set pris på god røykjelaks er ikkje noko bakdel for verken han eller oss. Han passe dermed godt inn i miljøet hos oss. Vi tørna sakte rundt vikja og nord mot Røysaneset. Calle mangla nokre få grader til, men ikkje lenge etter stramma Per opp det som mangla til marsjfart. Marine Traffic loggen viste 05:51 då vi passerte definisjonen for Raudeberg hamn.


Været var vel å rekne som godt. Ikkje akkurat det harde sol-lyset som vi hadde håpa på, men skodde ned i hårfestet får vi tåle. Det hadde vore verre om den rakk heilt ned i kalbøtene.

Og sjøsmå til tusan var han, heilt utrulig. Så vidt ei gråflogge på sjøen som viste at der var bevegelse i lufta. Men elles låg alt som eit støvegølv som dei seie på NRK-Førde enkelte morgona.

Då Olaus og eg heiste flagget, var det så vidt der var liv i det. Samanfallande kurs og vindretning gjorde til at flagget til tider hang rett ned. Og slik fortsatte det framover morgonen og tidlig føremiddag.

 


Kokken plinga til frukost då vi hadde passert Skongsneset og nærma oss breiddegrad for Kråka. Over-rett-lyktene på Ulvesund, fyret på Skongsneset og Kråkenes sende oss sine trygge kvite sektora mot oss då flesteparten av oss sat i messa og inntok ein solid frukost. Omelett, agurkara og røykjelaks vart ein god ballast i magen før eit flatt Stad-hav tok imot oss med opne armar. Alle åt godt og det tyde på at dei fleste var komfortable med været.


Og at det var sjøsmå og fint, korta sikkert turen godt ned også. Det gjekk jamt og trutt nordover og plutselig passerte vi Herøy-brua før vi nesten såg inn til Vik. Per gjekk over til meir stikke-styring etter kvart, vi passerte Rolls Royce og runda moloen. Sedvanlig test av kobling og manøvrerbarhet vart sjekka og vi såg at Guttormsen bakka ifrå kai, der akkurat vi skal ligge. Mannskapet er på dekk, fendara er i dei rette hender. Fanglina er fast i springen og når NYBAKK har geara styrbord sida mot kaifronten, blir fanglina kasta til  hjelpar på kaia som haler inn og set fast springen vår. Ein fin tur er over og Marine Traffic Loggen seier at klokka er 09.56. Vi har vel aldri hatt ein enklare, finare og raskare tur opp til VIK før.

 


 

Landgangen blir så montert og vi kan ta imot folk, og dei let ikkje vente på seg. Omtrent før han Calle vart slått i svime, hadde vi solgt ei kasse med tørka sild.  No gjenstår det å få vatna ut nok fisk til Bacalaoen imårgå. Håpe bare at vi får ei god dugnadshelg vi.

 

LAURDAG 20. august

Grensa for å seie godmorgen eller goddag, var passert for lenge sida, då eg rusla over kaia mot NYBAKK på laurdagen. Eg møtte 2 etternølara på veg til frukost-teltet. Dei var skrubbsvoltne men såg fram til skikkelig frukost.

Været var ganske likt slik det var då vi kraup til køys. Overskya og lite varsel om noko sommarleg  innslag denne dagen og. Jau forresten, kanskje eg såg eit litt skarpare lys om eg la godviljen til.


I rorhuset sat Chiefen med maskinloggen og nede i byssa var Per-Kåre i full gang med å legge den første koka med Bacalao. Han var absolutt litt småstressa for å få ting på sig. Som vanleg var vi vel nokre minutter, kanskje borti ein time, forsinka i forhold til det ideale utgangspunkt. Men pyttsann, vi drøye han heller med å sette fram salgsbukkane litt seinare enn tenkt. Vi treng ikkje meir stress enn nødvendig, vi er jo på tur.

Tvers over vikja for oss ser vi plutseleg ei svær skute for segl som manøvrerer til kai. Det er den nye Bankskøyta som er bygd i Ålesund det siste året Den skal vere ein kopi av moderne fiskebåtar for snart 200 år sidan, som kunne brukast litt i fjernare farvatn og.


Og denne velfortente kviletida for mannskapet vart nytta godt. Snart kom det både anker, stolar i rustfritt og adskillige kilo med kvalkjøt over rekka. Det var heilt klart at skipperen på søndag måtte velje eit par andre sund når han tok båten heim. Vi stakk i allefall adskillig djupare enn då vi kom opp til Vik.


Og som svar på meir enn ei ønsketenking, så tende værgudane på det som finns av solstråla då Rømegrauten også kom for sal framme på dekk. Ein absolutt optimal seinsommar-dag var i full gong.

Oppe i sentrum vart salgsbodene godt besøkt av publikum, som etter kvart fekk lyst på litt god mat og då kom dei trakkande på kaia mot nye landgangen og rekka vår. Og vi fekk ein god dag med bra omsetning, nøgde er vi. Kjekt at vi får seld så mykje tørka sild, for den gjekk det verkeleg unna av. Vi hadde bare 2-3 pakkar igjen då vi hadde opptelling i frysen tilslutt. Bacalao og rømegraut veit publikum å sette pris på her i Vik og bra er det. Det er veldig kjekt å slå av ein god prat med gamle kjenningar, for det virke som om dei fleste besøkande har vore om bord adskillege gonger.

Eit lite uhell med oppvarming av graut på ei kald plate, klarte vi å løyse med ny servering og at gjestene var tålmodige og sporty nok til å vente på ny oppvarma servering.


Arbeidsdagen vart varm og lang. Tett før 19.30 sette vi tappenstrek for salg og vi løyste litt meir på antrekket. Sola var etter kvart begynt å nærme seg hav igjen, men ikkje meir enn at vi kunne sitte oss ned oppe på dekk og nyte god prat hos oss, men også over rekka mot Guttormsen Sr. Vi hadde også flott solnedgang og Richard Inkster, ein skikkelig virtuos av ein shetlandsk trekkspel-artist tok og kom. Han hadde også med seg kona, Karen. Gutane våre trampa takta i alu-dekket, for det var ikkje lett å la vere. Og vi let oss bli påspandert av oss sjølv. Humøret var godt og vi var fornøgde med oss sjølv. Vi hadde og besøk av ein charmant Pirat som kleiv ombord til oss.


No gjenstod bare eit par ting før helga kunne seiast å vere over. Solid panne-skrubb måtte gjerast og båten gjerast sjøklar til ein retur tilbake over Stad-en på søndag. Værmeldinga meldte framleis om sjøsmå og fine greier. Dette til forskjell frå enkelte tidlegare år. Ein gong med særs grov sjø, var vi så syndige å sette på ekko-loddet då vi nærma oss Gamla. Der såg vi bare gråmåse…….


Takk for no til Trebaatfestivalen og Ulsteinvik. Vi kjem gjerne igjen.

test
Og til eit prima og flott mannskap som vi igjen var velsigna med: Absolutt stor takk, heilt til neste gong…….