BLOGG FOR TREBAATFESTIVALEN i Ulsteinvik 2017

 

TORSDAG 17. august

 


I år drog båten oppover torsdag kveld. Etter å ha drie frå Raudeberg rundt klokka 16.00 var båten fortøgd i Vik vel kl. 20.00. Kokken slo til med blåskjel og da, og det vart langa nedpå når det lei litt på kveld.

FREDAG 18. august

Dagen rann god og varm og under shelter vart det etterkvart ei slags SAUNA-light, men vi kan dessverre ikkje klage meir på det fine været enn det. Sumaren har ikkje innfridd meir enn at meir klage enn dette tør vi bare ikkje framføre

Båten vart litt etter litt klargjort til helgas dont. Nødvendig vask og shining vart ganske så nøye gjennomført. Mannskapet for denne helga bestod av gamle travara og nye travara. Vi nevne spesielt dei nyaste: Bente og Svein Sandvik frå Florø, og Atle frå Sørbøvåg. Det var absolutt gode nevar på alle og eg håpe inderlig at dei ikkje vart avskremde av arbeid og utestemmer om ein annan.

Bacalao og sild kom i salg før nonsen var over denne kvelden. Men det var jo bare ein brøkdel av det som var gjort. Kutting av bacalao til vatning og poteter, løk og alt det andre, krevde sine flittige arbeidsneva utover kvelden og tidlige natt.

Rett rundt midnatt losna eit skikkelig regnvær og vi håpte alle etterkvart at det bare måtte bli med den eine.

LAURDAG 19. august

Og det gjorde det heldigvis. Fortaua var tørka opp att når vi kleiv rekka rett etter 10 på laurdag. Vikarane var på frukost i Festivalteltet, men det gjekk ikkje lenge før fleire var innom for å frette om kor tid det var Bacalao å få. Ann Kristin rigga seg til på Shelter med dobbeltløpa vaffeljern, fersk røre og eit par kanner kaffi. Første gong vi prøvde akkurat dette, men etter innslaga på terminalsalget, bør dette absolutt prøvast igjen.

Bra besøk som det brukar å være heile ettermiddagen her i Ulsteinvik.Chiefen og hans fru tok og kom. Veeeldig uvant å ikkje ha han innanfor casinga, men slik vart det idag.

Søndag 19. august

Per Kåre tok seg ein tur på husbesøk idag. Trufaste venner som alltid har vore ombord på besøk, kunne ikkje gjere dette i år. Skrantande helse og mobilitet gjorde det heile vanskeleg. Per Kåre tok seg derfor ein tur innom Sigmund og Edel Bugjerde med ein solid porsjon Bacalao til kvar av dei.

Gode soger har ein slutt, so også med Trebaatfestivalen 2017. NYBAKK slo ut i springen og kursa baugen mot Raudeberg rett før klokka 3 på ettermiddagen. Rett før kl. 19.00 kryssa vi hamnelinja til Raudeberg og helga var snart over.

Takk for no til Trebaatfestivalen og Ulsteinvik. Vi kjem gjerne igjen.


Og til eit prima og flott mannskap som vi igjen var velsigna med: Absolutt stor takk for HEIL VED endå ein gong; heilt til neste gong…….