TOKTBLOGG VEST

8. juli - 18.juli 2015

 
Lerwick & Kirkwall
 


8. juli 2015. Samarbeidet med værgudane følgde vanlege diplomatiske kanaler denne gongen. Antakeleg var det derfor at værvarselet melde liten nordveststorm då NYBAKK igjen skulle starte turen mot Shetland og Orkneyane. Med rimeleg rolege vindforhold i Florø, var det nesten sjokkerande å gå av expressen i Måløy, til kvitebåre og vindkuler som reiv i både bagasje og folk.

Det vart tidleg klart at avgangstidspunkt var utsett utover dagen, kvelden og kanskje natta. Vi nytta høvet godt til å få båten 100% sjøklar. Vi tok oss spesielt god tid med testing av overlevingsdrakter på alle, og at desse vart merka å plassert i kassa på galgedekk.

Då vi hadde fått i oss en matbete i 9-tida vart vi enige om å komme oss av gårde. Vinden hadde løya litt, men vi var godt klar over at det ville bli ein livlig tur utover natta. Vi lurte oss forsiktig ut Vågsfjorden og fekk sett alle segl. Merkeleg at det då nesten stilna heilt av. Etterkvart fekk vi godt seg i båten. Vi passerte Klovningen og gjekk mot Styreneset. Vetvika og Olderveggen såg mørke og truande ut , men ein liten og konsentrert solnedgang vest i, mildna uttrykket som skyane la på Olderveggen. Det vart litt sjøgang rundt her, men båten oppførte seg fint med alle kluter satt. Det hjelpte veldig godt på stabiliten det. Så kom vi ut for Odden og ein vest- sørvestlig kurs vart sett i styremaskina. Det var endeleg godt å kome oss avgarde.

Det vart ei ganske livleg natt som venta. Skipper Per Hennøy var fornøgd med måten NYBAKK tok den grove sjøen på. Problem med giret såg det ut som vi endeleg hadde fått kontroll på. Båten sparka seg godt fram og i perioder på natta. Då vinden stod veldig gunstig på segla, logga vi over 10 mil i lange periodar. Heile fartøyet fungerer veldig fint med nyreparert framdrift og det var kjekt å observere.

Mannskapet fall fort inn i nødvendig god rytme når det gjaldt vakter, eting og soving, og så vidare. Dei vanlege fysiske problema dukka sjølvsagt fram igjen. Ikkje som brannsår denne gongen, men ein og annen skrubb i bakhodet og litt oljesøl på dørken høyre med.
Ut på ettermiddagen 9. juli var vi komt sopass langt vest at klokkene vart pinsja. Vi vart ropt opp av Kamaro, som låg i line-kasting litt til styrbord for oss. Dei i retning aust. Vi pressa litt i kursen for å komme litt nærare. Skipperen der om bord var interessert i å få teke bilder av NYBAKK og pr-kåte som vi kan være la vi oss litt nærare. På den måten måten fekk vi fotografert dei også.

Vi hadde på dette tidspunkt sett konturane av OutSkerries ei stund, men rett etter dette såg vi den velkjende profilen av Noss. Då viste vi at vi normalt sett ville vere i Lerwick om ein 5-6 timar.

Klokka 23 GMT klappa vi vakkert til kai på Victoria Pier. Per er en trollmann med omstyringa, og det var ein nytelse å følgje med i manøvreringa. Det var nesten ikkje bruk for blåser i det store og heile. Det må vel og seiast at NYBAKK med dette sette ny rekord på turen Måløy – Lerwick, etter heimkomsten til Raudeberg i 2007. Reperasjoner og skifte av gir, viser seg etterkvart å ha vore særs vellukka. Takk til alle som har teke del i den jobben.

At turen var frisk har vel skine gjennom teksten so langt. Yngstemann om bord, Marius, syns det har vore ei spennande oppleving. Han gler seg til neste dagen i rom sjø, mot Kirkwall , mandag kveld.

Graham Nicholson har alltid vore trufast når NYBAKK er i Lerwick. So også denne kvelden når vi var fortøgde. Alltid greit å bli godt motteken, utgjer nesten heile turen det.


Fredagen har vore grå i Lerwick i dag fredag. Den har vore nytta til å ta seg inn att etter turen, gått litt på museum og i Commercial Street og vi har hatt besøk av Nat Hall. Ho har lovt å guide oss på Mousa på søndag. Mousa er ei øy her på Shetland. Vidare har vi styrt med klargjering av båten til middag i kveld. Ein del prominente gjester har meldt sin ankomst og det skal serverast bacalao.. Vi gler oss til å møte endå fleire vener i kveld.


TOKTBLOGG 11. juli 2015
Mannskap har teke seg fort innatt etter nokre timar på landjorda her på Shetland. Utferdstrongen til Shetland er smittande og det har resultert i besøk holmen rundt snart. Det som er heilt klart, er at alle stiller fritt i valg av inntrykk og sidan vi kan velge frå øverst hylle, så gjer vi det.
Eg hadde mitt sedvanlege besøk på Peerie Shop Cafe. Greitt å sitte der, brukbar internet access og ein får oppleve Lerwick sitt «mitt-på-dagen»-pulserande kafèliv. Her er det nesten alltid smekkfull, so også i dag, men det er bare å bestille sin «nice cup of tea» og stille seg langs veggen. Før det har gått eit minutt har nokon tilbudt deg ein sess og då er det bare å gli langs veggen og slå seg til.
Nokre av mannskapet tok seg ut til Scalloway for å vitje musèet der, Olav-slippen og Shetlandbus-monument. Lett å komme dit og ein blir rik av å sjå på utstillingane som er der. Landskapet  på vestsida er litt annleis enn i Lerwick, og det er lett å kjenne att landskaps-konturane frå filmen om Shetlands-gjengen.

No har det seg også slik at det ikkje bare er mannskap på NYBAKK som er norske og som besøkjer Shetland. Ragnar Thorset var allereie på plass då vi kom her hin kvelden. Han ligg rett ovanfor oss med færing og følgjebåten Hilding. BBC har intervjua han så han er absolutt lagt merke til her i Lerwick.
Vi har også hatt ein del museumsgjester om bord. Interesserte folk som fretter oss ut om NYBAKK, og som gjer ros for bevaringsinitiativet. Litt artig at det er både, dansker, svensker, nordmenn og islendinger som bruker tida si om bord med oss.
Laurdagen passerte etterkvart middag. All bading og slikt var unnagjort så det gjenstod nesten bare å få barbert leggane til kvelden. Oppe i Commercial Street hadde Lerwick Metro Police show med nettopp barbering av legger. Alle dei tøffaste politi-sersjantane fekk ordna seg ein glatt legg til kvelden. Kanskje dei fekk bruk for det, kva veit eg J

Nat Hall hadde invitert full bil med på veldedighetskoncert ute på Walls, absolutt rett vest og ut mot Atlanterhavet i forhold til Lerwick. I ein flett ny KIA vart vi forlytta i nesten 3 kvarter, før vi vart losa inn i ein Public Hall. Her vart vi overflømd med ypperlig musikk av både unge, veldig unge og eldre musikara. Koncerten varte i 4 heile timar, men prestasjonsnivået var høgt og reperoaret absolutt interessant. Litt artig var det at 2 av artistane var deltakarar i the Voice GB og spesielt den eine hadde enda veldig høgt. Vi beit i oss tresmaken i sittestilling. Ein vakker duo av smellvakre 52-åringer gjorde nokre tolkninger av Patsy Cline som var heilt utrulige. Og med ei svingande avslutning av Donald Anderson Band, var det heile komplett. Vi luska oss lett tunghørte ut att i bilen, og Nat frakta oss trygt tilbake til Victoria Pier, gjennom tusmørket i eit trollsk tåkelandskap.

 

TOKTBLOGG 12. juli
Endeleg fekk NYBAKK crewet tid til å ta ein tur til Mousa. Nat hadde invitert på ein slik tur for 5 år sidan, og denne gongen klaffa det. Organisert transport frå Victoria Pier og til Mousa Ferry som deretter frakta oss over til Mousa.

Ytterst på vorren låg der fleire sel-familiar og hadde seg søndagslur. Oppe i fjørå sat der 2 fotografar, med optikk som sikkert kosta ein kvart million, og fotograferte desse selane. Eit spedt forsøk frå Arne for å snike seg inn på selane, resulterte i at desse store vraltande dyra heiv seg i fjorden og forsvant i bølgjene. Dette resulterte i ein nokså kvass «Thank U very much» frå dei 2 fotografane.

På vegen ut mot Mousa, merka vi at dette kunne bli ein frisk dag, med småregn i vindbygene, men heldigvis var det byger som kom og. Støvlevær var det no i allefall. Det var tydeleg at vi var tett på naturen etter kvart. Bonxiane krysse nesten lavt imellom oss og ute i sundet vrimla det i havsuler som stupte i bølgjene frå ganske høgt. I ei seld rett før vi var framme på Brochen, låg der to toppskarv-kyllingar og dukka og gøymde seg for Bonxiane. Vi vart ståande på skapeleg avstand for ikkje å forstyrre for mykje.

Brochen i seg sjølv var  eit eineståande byggverk og det var mulig å gå i veggane på den, heilt til toppen. Toppen var sikra med nett, slik at ein ikkje skulle ramle uforvarande ned. Trappegangen i veggen kunne minne mykje om å gå i Seljeklosteret eller i tårnet på Nidarosdomen. Ganske utruleg å tenkje på at dette bygget vart reist for snart 4000 år sidan. Det har vore brukt av pictere og langt over tusen år seinare av vikingane. Det at der ikkje har budd folk på Mousa dei siste3-400 åra er nok grunnen til at byggverket er så godt bevart. Ruiner av andre Broch’s rundt om på Shetland, viser at der har vore mange fleire av dei ein gong i tida, men at desse er plukka i stykker og at steinen er resirkulert i andre hus og bygg.

Det var skikkeleg surt vær då vi kom tilbake til fastlandet. Det bar no rett heim til NYBAKK der eit hummarmåltid av dei sjeldne stod på programmet. Kokken var visst heldig med fleire ting i dag J

Toktblogg 13. juli
Siste dag i Lerwick i dag. For sikkerhets skuld delte mannskapet seg i 2. Det eine teamet drog sør mot Sumburgh og Jarlhof ilag med Nat, medan det andre reiste nordover mot Eshaness.

For mi gruppe var det følgande som skjedde. Vi leigde bil på Bolt drog straka vegen mot Eshaness. Storslått og fantastisk natur. Eg fekk nokre fantasiske bilde av Lundefugl. Etter dette stakk vi om Steinness og deretter på Haa Museum.

Vi stoppa selvfølgelig på Frankies Fish and Chips i Brae. Antakelegvis får ein verdens beste servert her. Ei oppleving som vanleg.

Og som ei flott avslutning stakk vi ein snartur over til Lunna. Vi fekk innpass på Lunna House. Ei hyggelig gjestfri vertinne tok imot med opne armer og viste oss rundt, utrulig. Det var ho og mannen som no eigde Lunna House. Ho hadde høyrt at det vart snakka norsk ute på tunet, og då var det naturleg for ho å ta kontakt. Vertinna forklarte at ho var gift med sonen til han som var sprengningsekspert for Shetlandsgjengen under krigen. Han var då i SOE. Historia fortel og at denne offiseren vart kjent med ei fransk motstandsdame som hadde flykta til England under krigen. Søt musikk oppstod i sprengstofflaboratoriet og mannen til vår vertinne  vart resultatet av det……

Må bare seie det: Terje : Inderlig hjertelig takk for ein heilt ultra spesiell tur på Lunna . :)

Vi nådde NYBAKK akkurat tidsnok før gjestane kom om bord. Per Kåre hadde middagen klar og snart sat vi heile gjengen framme på luka og åt klubb. Deretter starta avslutninga med eit par offisielle møter i land, mens resten av crewet klargjorde båten. Avgang er sett til kl. 22 ikveld. Då kurse vi mot Kirkwall på Orkneyane. Der vi er framme imorgon tidleg etter plana.

 

TOKTBLOGG 15. juli


Endelig ein dag med litt program igjen. Karane stilte opplagde og klare til frukost, endå vi la oss tidlig. Ute på reden var der komt ei stor og flott seglskute og lagt seg for anker. Bak på hekken vaia Landebrog, godt synleg frå NYBAKK. Dei nedre delane av byen hadde kvelden før svirra i rykter om at ein tysk turistbåt skulle ankomme, og det gjorde den.
Vi tok oss tid til ein tur (igjen) til Tesco, men nokon av oss var og innom Lidl. James dukka og opp ved skutesida og avtalte omvisning oppe i bakkjen på Highland Park.

 

Tom og Rhonda kom og henta oss til kl. 15. No var det vandring gjennom deler av Kirkwall. Vi starta nede i Olaf-kyrkja og gjekk og opp til St. Magnus. Rhonda ja, vi fekk vite om dei gode nyhetene tidligare i veka; dei hadde nettopp forlova seg. Tom er som kanskje kjent, ein Professional Storyteller og når han i tillegg er kurator på Orkney Museum, så skjøner de sikkert at han er eit unikum. Han er vel ein slags spennande variant av vår eigen Frank Årebrot. Fleire av oss har og har teke denne historiske vandringa fleire gonger før, men det er like spennande og interessant kvar gong. Tom har alltid nye vinklingar å berette om soga. Og nettopp denne dagen fekk vi verkeleg oppleve rosina i pølsa. Tom tok til side ei av vaktene i St. Magnus og snakka oss godt fram. Det resulterte i at vi fekk innpass på loftet av St. Magnus. Du hendelse. Her låg det relikvier på geledd. Og eg vil også nevne bøddelstigen som var i bruk heilt inn mot 1890 åra. Gåsehud: nja ikkje akkurat i dag då, men veldig spesiell.

Eg tok som vanleg min tur framom lysalteret. Eg har gjort det for vane å tenne eit lys for mine tap i livet, når eg kan. Deretter gjekk turen om skipsklokka til Royal Oak. Protokollen med namna til dei falne denne natta til 13. oktober 1939, blir framleis bladd fram ei side kvar veke, for å ære dei 834 som kom vekk.

Inne i St.Magnus vart seansen avslutta ved grava til Håkon Håkonson. Han vart gravlagt her ved høgalteret i St. Magnus etter sin død 15. desember 1263  desember og låg til mars påfølgande år, før han vart frakta tilbake til Norge.

RETUR frå KIRKWALL

Vi avslutta i Kirkwall med eit vidunderleg taffel i Bacalao. Her hadde vi alle gode vener ombord og planer for framtidige kommisjoner vart lagt. Og det var ikkje bare innbakte tradisjoner på NYBAKK som gjorde sukkes. Matros Olaus Jonstad slo til med låveturka hjortekjøt og heimebrygg frå Naustadal. Det slo verkeleg an hos gjestane våre. Kjempekjekt du.

Vi må i ettertid sei at vi stussa litt over lokale, som meinte vi var tøffe folk som ville legge i veg tilbake til gamlelandet dagen etter. En Gale var etter sigande i sterk utvikling vest for Hebridane. Men den var vel egentlig gått under radaren vår. Vi var opptatt med super taffel, men burde vore i veg alt ;)

DAGEN ETTER

Chiefen fekk liv i han Calle presis halv seks i dag. Alle mann, bortsett frå Marius, var på føtene. Hamnekapteinen kom fort på plass og fekk kopla NYBAKK frå landstraum. Når vi igjen blir sett på landstraum er den frå rein fossekraft. Skipperen snudde baugen mot vinden ved hjelp av sin vel utvikla fingerspitzgefühle og ein snudde spring. Då baugen var tilstrekkelig oppe i vinden vart springen løyst og NYBAKK gjekk mot utløpet av hamna. Det bles ein gjennomtrengande kalde vind, rett frå aust. Eg beit meg merke i at den var adskilleg sterkare enn friske bris som Skipperen hadde i si værmelding frå ettermiddagen før. Ute på reden passerte vi rett bak den danske seglskuta Georg Stage, av København. Alle flagg og vimpler vart firt og vi gjorde oss klare til å gå i hus og komme i gjenge til ein halvanna døgns seglas heim til Raudeberg. Olaus spurte om kor tid vi ville vere framme og eg svarte at det ville vi  vere ca. kl 19.00 påfølgande kveld.

Med det same vi steig inn i rorhuset, vart vi møtt av ei fantastisk duft av steikt bacon. No var det tydelig at kokken og var på beina. Akkurat då vi runda Thiefholm måtte vi på dekk igjen. Skipperen slakka ned og la oss rett i vinden til å få sette all tilgjengeleg duk. Foreløpig tyda alt på at vi fekk litt urolig stuking med sjø rett imot. Med håp om rolegare sjø når kursen blir lagt nordaustover, utanfor Auskerries. Vi gjekk til frukost og åt med god apetitt. Uvisst kor lenge det går til neste varme måltid. Skipperen orienterte om pinsjing til norsk tid då klokka var 8.

Heimseglasen er komt godt igong.
Og fredagen gjekk mens vi stampa oss fram mot 0-meridian og norskekysten godt bakom der. Utpå ettermiddagen var det fleire som lurte på kor tid det skulle gje seg med slingring. Vinden stod mot straumen då vi kom opp under Fair Isle, og det laga noko eventyrleg med straumskavl og ustadige sjø.
Mot slutten av den andre rorvakta mi, rundt klokka 18, sende Shetland Coastguard ut obs-melding på VHF. «Gales up 8 to 9 for North Shetland and northerly North Sea. Cyclones with heavy rain.” Ho avslutta med å seie : “watch out! It’s not wuite normal with wind this strength in july”.

Dei som til no hadde slete med sjøverk, var etterkvart komt i virke igjen. Tørre brødskiver virka bra og då det vart middag i 20-tida, hjelpte dette også slik at alle til slutt var flakeføre igjen. NYBAKK tok sjø og vær som bare den kan. Været stod inn tvers frå styrbord og vi rekna med at vi hadde i allefall 12-15 timar igjen med rekka i sjøen på begge sider, før ting ville roe seg. Viktig at alt er surra og at ein held seg fast ved behov.
Eg avløyste Olaus då eg igjen kom på rorvakt kl. 02. Han hadde gjort ein excellent job og vi gjekk akkurat beint på kurs. Været var no på sitt verste og det var ganske tøffe sjø. Skvalkeportane framme på dekk slo seg opp på kvar tørn og fylte heile dekket med sjø. Det same skjedde bak i egnehuset. NYBAKK tok seg adskillige geipa, både til styrbord og babord. Heile rekka i sjøen først til styrbord og so over på babord. Båten oppfører seg trygt og fint, men det tærer på fysisk for mannskap å gå så konsentrert og kjempe imot bevegelsane i båten i mange timar.

For min del så sovna eg fullstendig av etter siste rorvakta på natt. Eg var fullstendig ute av verda i over seks timar då eg vakna. Maroder og stivbanka i kroppen, men godt utkvild. Klokka var passert 10 og sjøen hadde løya ein god del. Vinden hadde også blese sekken sin tom..

Godt med mat etter eit overmåte slitsomt døgn. Vi var komt i høgde med Gjøa og det var heilt smul sjø, all slingring var gløymd alt. Eg gjekk på att til siste rorvakt kl. 14. Skodda låg tjukk i horisonten så det var ikkje råd å sjå Olderveggen, Kinnaklova eller Batalden.
Sista nordsjøkryssing for i år nærma seg no slutten for alvor. Vi forbereder heising av signalflagg etter ordre frå Kokkjen. Seglskuter på hamna i Måløy krever sitt. Det måtte jo sjølsagt regne håknivar då vi skulle gjere dette. Og så vart vi litt lange i maska når hamna var tom for seglskuter. Vi møtte den eine nord i Ulvesundet, akkurat passert Røysaneset. Vi helsa den store mastodonten som passerte oss midt i sundet.


NYBAKK seig sakte rundt vikja og til kai. Sakte og vidunderlig manøvrering av Per, reine Nikki Lauda. På kaia venta mykje av det vi er mest glade i. Hustruer, tanter og onkler og barnebarn.

Ha takk for ein fantastisk tur til mannskap, dei som tok imot oss i Lerwick og i Kirkwall, og Facebook-vener.


Landgangen slo mot kaia nede med han Ernst då klokka var 18.50