TOKTBLOGG Kirkwall & Lerwick TORCHVOYAGE 2017

 

   
  Kirkwall & Lerwick
   
 


Toktet starta frå Måløy 28. juni. Alle køyer fulle omtrent. Ei fin blanding av erfarne og litt mindre erfarne er med denne gongen.

Eg må først som sist innrømme at eg ikkje er med på turen. Derfor blir det mest ein fotoblogg på heimesidene denne gongen. Bilda er langt dei fleste tekne ombord. Eg vil i tillegg legge ut litt snapshots frå min AIS som viser kor NYBAKK er i løpet av toktet. God fornøyelse

 

Følgande 4 foto er lagt ut på Det norske Konsulat i Kirkwall sine face sider

Mandag 3. juli segla NYBAKK dagstokt på Orkneyane. Per Kåre har lagt følgande tekst på Facebook :: Ut på ein jobbtur, da vi gjerne vil gjere litt tjenester tilbake for alle tjenester dei har gjort for oss. Vi beveger oss no i eit utrygt område med mange sandbanker, så vi har med oss lokal los. Mange norske fiskebåter har møtt på desse sandbankene, som beveger seg rundt omkring heile tida. Vår los heiter Callum Flaws.

 

TYSDAG 4. juli

Litt sightseeing og litt jobbing. Besøk i Italian Church på Lamb Holm. Kyrkja vart byggd av italienske krigsfangar under 2. verdenskrig. Det var i sundet mellom LambHolm og fastlandet den tyske ubåten som senka Royal Oak, kom seg igjennom og fikk sendt avgårde sine dødelige torpedoar 14. oktober 1939. Churchill beordra full sementering av Scapa Flow etter senkinga og det var italienske krigsfangar som måtte ta jobben. Kyrkja er bygd av leftovers frå all betongarbeidet og anna. Meine at døypefonten var laga av ein lastebilfelg.

llllllllllllllllllllllllllllllllllllllllllllllllllllllllllll

Dei neste 5 bilda er frå Strømness på vestsida av Orkneyane. Ei trygg hamn for norske fiskebåtar opp gjennom tidene.

mmmmmmmmmmmmmmmm

mmmmmmmmmmmmmmmm

 

 

ONSDAG 5. juli

NYBAKK forlet Kirkwall rundt kl. 06, for å gå til Lerwick. Det ser ut som det er litt motstraum så dei vil være framme litt ut på kveldinga.

 

Per-Kåre beskriv turen opp til Lerwick slik ::

Ein nydeleg overfart frå Orkenøyane til Shetland. Hav pålag som ein spegel er ikkje kvardagskost. På overfarten feira vi også bursdagen til maskinisten på denne turen, Kåre Silden. Gåve frå mannskapet vart overrekte på morgenen, og sjølvsagt song vi til han. Kokken måtte også prøve noke han aldri har gjort før, men berga seg fint i-land, bare godord å høyre.

vv

vvv vvv

vvv

 

 

Berted at Victoria Pier at 6.

 

 

 

 

 

 

 

v