DUGNADSBLOGG 2014

Lesast frå toppen, som vanleg.

1. mars 2014

Omsider vart det tida for ein større dugnad på NYBAKK igjen. Det er ikkje det at der ikkje er noko som skjer. Ein ligg ikkje direkte på latsida på nokon måte. Planlegging og heilt forefallande nødvendig arbeid vert sjølsagt gjort omtrent heile tida. Det går vel egentlig ikkje en dag utan at Chiefen er ombord i eit eller anna ærend. Eit hektisk år ser ut til å ligge forut og det meste rundt dette, krev tid og ressurser i planlegging. Og opp i dette er der også tid til å produsere nokre pakkar med boknasild for sal. Produksjonen skjer absolutt etter gamle metoder og velkjende riter.

Jau vinteren har nesten gått og det vart vår før vi tok eit godt napp med dugnad om bord i år. Kanskje det var lurt å vente sopass, for det kom bra med folk denne første vårdagen i år. Bra med folk som tok seg eit tak, men og bra med folk som var innom og tok seg ein god prat med oss resten. Tilsaman er det akkurat dette som gjer prosjektet vårt so interessant.

Litt riving i byssa og generell heving av orden og system i rommet, vart prioritert denne laurdagen før fastelaven. Duft av nytrekt kaffi slo mot meg når eg kleiv ned keisinga frå bestikken. Roger og Per-Kåre er vel dei mest iherdige kaffikarane eg veit om, og dei skuffa ikkje denne helga heller. Det var ein strålande dag for dugnad, tørt og fint: absolutt silde-terre å dra nytte i. Arve tok og kom og det var godt å sjå han i  litt slag igjen framme på dekk. Han hadde også teke med seg Ingrid, så dei stilte sterkt.


Etter kvart kom Alf med ei rikholdig verktøykasse og sette i sving. Måltaking av nye kjøleremedier i byssa var det han som skulle ordne, i tillegg til alt dette styret med 24 volt, overledning og termostater på varmeovner. Eg syns no det at om ein syns at det er kaldt, så løyse dette seg lett med å arbeide litt.


Chiefen ser ut til å ha seg eit fantastisk år igjen. Eit par børe mindre på skuldrane, lar han gå utover båten og det ser nesten ustoppelig ut. So til neste gong med dugnad: No bloody swearing :).

 

15. mars 2014

Atter igjen dugnad på NYBAKK etter ei helg fri for min del. Men det var veldig kjekt å sjå at der var gjort mykje synleg av andre når eg ikkje hadde vore der. Absolutt mykje skryt til alle som har vore involvert i det.


Og eit solid arbeidslag fekk vi om bord denne helga også. Ein blir nesten varm om hjerterøtene når ein får ha slike gode økter om bord. Ikkje bare får vi mykje gjort, vi får også prata godt i lag og blir skikkelig samansveisa.


Eg må bare nemne ho Ingrid. Ho kliv om bord med mykje pøh, rett ned i messa og opne der alle posane sine og set i gang med å montere skulebollar, medan vi andre held på med første kaffi-krusa. Utrulig bra tiltak i den jenta og kjekt med engasjementet som vi andre nyt godt av. Så fristande bakverk var det at Chiefen ikkje hadde tida til å vente på «Ver så god’et». No har rett nok Ingrid meldt avbud til komande helg, men vi får håpe at ho kjem att med sine solstrålar og bakverk.

Og sidan vi er i avdelinga for fødevarer, so serverte moderen ei skikkelig gryte til middag. Absolutt eteverdig og god, og som vanleg blir arbeidsevnen sterkt redusert etter eit såpass godt måltid.


Eg trur eg nevnte at vi var godt med folk og det viste også veldig godt att det vi fekk gjort. Selje-væringa var der nokre av, Harald og Svein og i same åndedrag må vi vel nesten nemne han Nils. Chiefen var der med bestejakka si opp i all malinga. Svein , Roger, Ingrid og meg var resten av gjengen, og då forstår ein fort at vi fekk gjort ein del.
Vi hadde 2 lag som dreiv med malearbeid. Eit lag framme i rommet som rydda vekk og kosta reint for maling av skutesida. Det skein godt opp og gjev eit solid og godt inntrykk i proviantbenken. Vi prøvde å vere nøye med utlufting, men kjente at det var marginalt å få gjennomført. Det andre laget malte opp skotta på babord-sida bak i byssa. Det vart veldig tiltalande resultat og med eit strøk til så blir denne bra.


Oppe på dekk leia Nils arbeidet med å få orden på underliket til storseglet.  Vi såg i heile fjor at det var litt utfordringar med så djupsståande underlik. Der var nesten nødvendig med ekstra utkikk mot babord baug.  No er dette ordna slik at ein no har full sikt frå styreposisjon.

Skal vi seie noko om været og ? Sjølv om vi er i månen med 4 årstider, så hadde vi det greitt denne laurdagen. Arbeidet føregjekk inne, men vi var veldig påpasselege med å lufte ut.


Som tidlegare antyda, viste effektiviteten att på klokka i dag. Det var ikkje mykje over kl. 14.00 før vi kunne starte å dimmitere folk som var ferdige med dagens dont.

 

22.mars 2014

Litt krøbelt å komme seg til dugnad denne helgja og. Forrige helg var det uventa mykje snø i Magnhildskaret og opp frå Svelgen. Denne helga var det hårfønar på fullt igjen. Det var som han ville vrenge rattet ut av nevane på ein, då eg kom fram i dagen att nede i Bortnen. Vindus-viskarane drog seg over frontruta som spilene på ein vrengt paraply.  På brua i Rugsund stod der 2 bilar og varslings-merket for stengt bru var på. Der kom ein bil imot og dermed vart det  fleire modige som lurte seg over. Det skal seiast at det er vanskeleg å ta varslinga på brua her alvorlig. Der var omtrent ikkje vind på sjøen under.

Det vart litt folk som kom på dugnad denne laurdagen og. Harald og Svein kom i lag frå Selje og Svein Turøy er alltid trufast og kjem innom. Elles var det meg og Chiefen. Moderen hadde også i tak teke ansvar for solid panne kjøtsuppe. Det vart ete nesten i overkant.


Vi fortsette mykje godt der vi slapp sist. Det vart sett i gang endå eit kraftigare filtere for å sortere ut meir i rommet som kunne sendast på land. Deretter vart det gjort godt reint skutesida ned og dørken fram til lenserista fekk seg og ein kjølpar. Så vart det tid for å køyre igong med strøk nr. 2 og det vart like festlig som sist. Under proviantbenken vart det og påført eit strøk i dag. Det var gode forhold til det for der var heilt fritt for gods.


Så vart det styreposisjonen som måtte til pers. Eller rettare; stolen vart demontert  sokkelen. Det har i haust og vinter vore ein diskusjon om det var mulig å endre på plasseringa av storen til skipperen. Så ein dag utan skippera om bord nytta vi høvet til å justere på dette. Dv.s. vi har som sagt fått demontert og chiefen skal no i veka modifisere sokkelen og flytte denne litt, for å få ein betre posisjon til stolen.


Det sosiale blir heilt automatisk teke hand om som vanlig. Kaffi gikk det med til god prat i pausene. Som vanlig er ingenting hellig. Småkakene framme frå rommet smakar godt endå, men det er bra at vi nærme oss litt påfyll av ferskt.


Svein Seljen fortalte ei veldig interessant historie. Alle har sikkert lest boka om Måløyraidet. Der er eit bilde frå tilbaketrekkinga i Måløy, der det blir sendt ein unge, for ikkje å seie ein baby, ned i ei britisk barkasse. Den babyen var Svein. Han vart buande i lag familien i Glasgow til krigen var slutt. Han kom heim til Norge att i 1946. Så då veit vi det. Og alt det andre vi prata om, så blir det verande om bord………


Då var det bare forsyningsrommet i byssa som stod att. Chiefen har mala dette i løpet av veka og der så det no lyst og fint ut.  Der er særs gode krefter i sving for å finne rette sort med kjøleutstyr, her sjølvsagt størrelse og mål ein veldig viktig parameter.

 

10.mai 2014

Ein floskel om det har rent mykje vatn i hav sida sist, hadde faktisk vore på sin plass kanskje. Men slik har det egentlig ikkje vore heilt då, for ettervinteren og våren har vore gansk så tørr.

Litt har no skjedd ombord. Bl.a. eit slepeoppdrag som til slutt enda oppe ved Ørlandet.

Rett før påske miste vi ho Petra Hafsås som omtrent til sin siste dag følgde med oss karane på Nybakk. Påske har vi feira også. Andre av oss har også hatt sine tap av nære, og vi har hatt litt fråfall pg.a. helse hos våre medlemer og bidragsytara.

Påskeveka og litt til vart det slipptid att. Eit lag med dyktige hender frå Hyllestad hadde då stått i raud beredskap omtrent halve vinteren. Og med slike ressurser, med Arne Røset i spissen, ilag med dei heilt lokale kreftene vart slipptida nytta godt. Chiefen fekk bevis for sine mistanka og det vart no utført driving i tillegg til sliping og pussing av skutesida, som til slutt vart olja strøk på strøk, vått i vått. Og båten skin som ei sol ut av dette. .

Men no må vi ta litt om dugnaden no sist laurdag :::

Mai er normalt ein veldig sær måte for dugnader. Det viser seg alltid at vi har mykje å gjere om bord, for å bli klare til båten går i sjø for oppdrag. Samtidig so har vi fleire hagelappar, konfirmasjonar og andre forpliktelsa å halde i hevd i ein normal mai månad. Det er difor eit puslespel, ja kanskje eit sjansespel og, for å halde den nødvendige framdrifta fram til at NYBAKK er heilt sjøklar i starten på juni. Då er det betryggande at vi har ein ganske vidløftig, stor og dyktig, dugnadsgjeng å ty til. Vi må også seie at vi har hatt eit par helsemessige fråfall dei siste vekene, som vi absolutt kunne vore forutan. Vi tenkje mykje på Øyvind og Roger, og ynskje dei 100% tilbake til normalt liv, og sjølvsagt tilbake på dekk på NYBAKK.

Denne helga fekk etterkvart dei beste værprognoser som kunne formidlast. Derfor var det kriminelt kjekt å sjå Terje og Sveinung i full aktivitet ved skutesida heilt frå tidleg på dag laurdagen. Dei betjente flåten i eit stort multiprosjekt som gjekk frå sliping av huda, med påfølgande oljing,  mailing av svart rekkline og maling av egnehus, shelter og skansekledning. Imponerande innsats må seie. Eg håpe at dei blir tekne med i 17. mai tala i Hyllestad om nokre dagar.

Følte at eg var litt audmjuk når eg kom om bord i dag. Nokre minutter sein var eg, men hadde vel håp at 3 kilos boxen med Quality Street ville stilne kritikk. Men folk var litt trege å komme i gang med snopet. Eg måtte derfor drive ein del markedsføring, før beskjedenhet og redsel for hol i tanngarden, lot seg overmanne.

Og dermed kjem vi inn på litt meir kven som var på jobb laurdag. Per-Kåre var endelig på dekk igjen, han har jo vore reine ånda som går på dugnad i vinter. 2 Sveinar og chiefen, Terje og Sveinung frå Hyllestad, Ingrid tok og kom og det same gjorde Tore, og eg var 3 i alt med Eivind og Marius, så der var faktisk ganske med blodlinje der ja. Nils var også innom for å plotte seg gjennom turen på kartmaskina. Jau då, der skjedde forskjellig denne helga og praten blant fleire viser tydelig at vi er begynt å nærme oss sesong. Og det viste godt igjen etter oss. Landgangen fekk seg eit par strøk, så no ser ikkje den heilt losleten ut lengre heller. Søndag fekk til og med skorsteinen seg eit strøk anelse blått; vakkert.

Og i byssa gjekk det føre seg ut i fint kjøkkenutstyr. Eg hadde sjølvsagt lovt klubb til gjengen og Per-Kåre kvitterte då med å stille med Haggis i tillegg. Ikkje noko slinger her, bare skikkelig slow food.

Kanonbra arbeidshelg som vi er kry av. Solbrent og god forlet dei siste båten på søndag langt over middag. Dei mest tunge jobbane før 4. juni, er no klare, men gjer vel å ta kontakt med Chiefen eller Per-Kåre for dugnadshender. Helst Per-Kåre dei første dagane kanskje, Chiefen sin telefon gjekk til krabben på søndag.

Vel blåst og vel so det

J

 

31.mai 2014

 

Jau, no er det rett før.

Etter eit charteroppdrag sist helg, var det denne helga bare å krumme nakken og få båten ship-shape. Det var siste dagen i mai, og dermed bare 4 dage igjen til avgang Stornoway. Dugnaden var derfor ein kombinasjon av klargjering og det å ta om bord vatn, etterfylle kjølevatn osv., kile opp frysara og stropper.

 

Eg hadde Ranchen som utgangspunkt denne helga. Ein kjapp tur om kaia i Olden måtte til for der låg Queen Mary 2. Aldri godt å vite om dei hadde bruk for ei ivrig dugnadshand til nåke forefallande. Vi driv liksom på ein måte i same næringa no nokre veker framover.

 

Etter vel halvannan time, lavtfykande utover fjorden, var eg på plass i vikja igjen. Alf Sjåstad var der for noko vanlig forefallande, om ein kan kalle det forefallande å fase ut 24V for å hive i gang 220V istaden. Tidlegare i veka hadde han komt med nytt kjøleskåp og fått på plass i byssa. Alf skal ikkje vere med vesti i år, men han kjem sterkare att når vi skal gå til Oslo, og seinare tokt sjølvsagt. Han hadde også teke med seg Svein Seljen til Raudeberg i dag og det kjekke med det, er at Selje igjen var godt representert med solide dugnadshender. 

Og ellers så var Arve på plass med UWC studenter. Dei har for vaneå følgje med på arbeidet om bord og denne gongen var det vasking, ryddingog avriming av frysarar.

Uansett, dagen gjekk, dvs. Per Kåre dukka opp ei god stund før det. Papirer vart gått gjennom osv. Chiefen runda av med ein radarsjekk. Og når eg forlet skuta, var Alf endå ikkje klar med sitt. Men han jobba slik på at det var tydelegat han snart var klar.

 

 

Tirsdag rykker folk om bord og resten av proviant blir lasta inn. Onsdag går turen sørover mot Florø for bokslepp, før ein går til Flolid og etter det stikk ein baugen mot vest og Stornoway. 

Det får bare følgje med på bloggen undervegs.

 

 

 

Sjekk og opp Facebook-sida vår her. Mange klikk gjev artige resultat. Bilder frå dugnader og viktige sprell frå i fjor, finn du der. Så om du kan, klikk Liker der du kan, så sprer vi det gode bodskap.

 


Gjer vel å tenkje på sikker utføring av dugnad ombord i NYBAKK. Vi treng friske og gode hender, HEILE TIDA.