DUGNADSBLOGG 2015

Lesast frå toppen, som vanleg.

9. mai 2015

Kom mai du skjønne milde sa du ?  Nja, vi var ikkje heilt der på laurdag heller. Kjøligt i skuggen, men absolutt vær å arbeide under spreidde solstrålar. Snakke sjølvsagt om dugnaden sist laurdag. Godt oppmøte var der med ein solid gjeng i sving til langt ut på ettermiddagen. Dei som hadde seg nokre timar på flåten, skulle nok kjenne at sola brende litt, sånn totalt sett meine eg.


Uansett so må ein som ikkje har vore på dekk sidan i januar, beundre dei timane som er lagt ned gjennom seinvinteren og no også våren. Det viser godt at der har vore arbeidd vel og lenge og det må vi bare vere takknemlig for. Jobben som har vore gjort på skutesida medan ein låg på slipp er lett å trekke fram. Vi snakka faktisk om over 20 strøk med terpentin og olje totalt sett. Det er ikkje rart i det heile at skutesida skin i sol.

 


Tilbake litt til laurdagen då, eller kanskje vi kan starte med fredag. Flåten frå Stadyard vart buksert over i moloen på fredags kveld. Laurdag fekk den verkeleg jobbe med oss og flåte-timane gjorde verkeleg av seg. Fleire flåte-team var i sving gjennom dagen og resultatet av arbeidet vart veldig bra.

Baugen fekk sine linjer og lasher stelt. Det same fekk ankera. Skan-dekket akter fekk sine vått-i-vått strøk samtidig som vi flikka litt på gnagemerker etter uheldig plasserte fendara. Faktisk viste det seg då at skutesida på styrbord no var komt opp i 25 strøk med olje.


Eg vil også nevne at vi nytta anledninga når NYBAKK likevel gjekk i spring halve dagen, til å flytte og feste litt fendara. Litt verktøybruk og nye sjakler seinare, vart det ei mjuk kai å fortøye båten tilbake mot når klokka vart over 5 på ettermiddagen.


Takk for innsatsen so långt. Håper på nok godt vær til å få båten klar til turen i månedsskiftet. Så bare følgje godt med på fjesboka eller her på heimesidane.

Ein ting er sikkert : det blir alltid dugnad igjen neste gong.